Artikler

Filter
  • Ny rektor ved Fagskolen

    Alf Gunnar Furland (51) er tilsett som rektor ved Fagskolen i Ålesund, og tek til i stillinga 01.08.11.

    - Fagskolen er ein spennande arbeidsplass der det skjer mykje for tida. Å få vere med å vidareutvikle skolen saman med dyktige tilsette og engasjerte studentar er noko eg ser fram til! Skolen ligg i ein region med eit spennande næringsliv og eit sterkt høgskolemiljø. Å få knytte skolen tettare opp mot desse miljøa er ei av fleire sentrale utfordringar det skal bli kjekt å ta tak i. Dette vert både utfordrande og spennande, seier Alf Gunnar Furland.

  • God søking til fagskolen i 2011/12

    - Det har vore ein merkbar auke i søkinga til fagskoletilboda neste studieår her i fylket, seier leiar av fagskolestyret, Torgeir Dahl. Ved Fagskolen i Ålesund er det fleire søkjarar til mange tilbod i høve til i fjor.


    Dei gode søkjartala viser at fagskoletilboda i fylket er attraktive for unge fagarbeidarar. Dette er yrkesretta studium som er utvikla i tråd med behovet for kompetanse i viktige delar av næringslivet i Møre og Romsdal, seier Dahl. Maskinteknikk og elektro i Ålesund har i nokre år hatt dårlig søking med fare for nedlegging. I år som i fjor er det god søking til desse tilboda. Elektro og maskinteknikk er fagretningar som er viktige for den maritime næringa, mellom anna i konstruksjon og bygging av fartøy. Dei maritime faga har bra søking. Desse tilboda sikrar skipsflåten i mellom anna offshore- og fiskeriverksemder sertifiserte skipsførarar og maskinistar. drift av det totale søkjartalet i landet. Opptaksprosessen vil i løpet av mai vise kor mange av søkjarane til dei ulike tilboda som er kvalifiserte for inntak. Kor mange av søkarane som får studieplass vil også avhenge av inntakskapasitet ved dei to fagskolane.
    Du kan også lese mere her

     

    Fagskolen i Ålesund   Søkning 2011/12   Søkning 2010/11 
     Bygg 17 21
     Anlegg 7 3
     Automatisering 10 13
     Elkraft 16 17
     TIP-Maskinteknikk 37 26
     Nautikk 66 64
    Skipsteknisk drift  43 39
    Sum 196 183

Itslearning logo