Fagskolestyret 2015-2017

Fagskolestyret er det øvste organet for fagskoleutdanninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Styret har ansvaret for å drifte og utvikle fagskoletilbodet i samsvar med føremålet for fagskolen.

Styret har ansvaret for at opplæringa ved studiestadene til fagskolen er i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for verksemda, og at tilbodet er i samsvar med godkjenninga frå NOKUT.

Styret har ansvaret for det fysiske og psykiske arbeids – og læringsmiljøet til tilsette og studentar.

Fagskolestyret har 7 medlemar med røysterett med personlege varamedlemar. Styret skal ha slik samansetjing: leiar i Utdanningsutvalet, ein representant frå Regional – og næringsutvalet, leiar og nestleiar i Yrkesopplæringsnemda og tre representantar frå næringslivet oppnemd av Yrkesopplæringsnemda.

Studentar og tilsette skal ha to representantar kvar med møte-, tale og forslagsrett for Fagskolestyret

Styrets medlemmer finner du her: http://mrfylke.no/Politikk/Politiske-organ/Fagskolestyret

 

Styremøter 2016

Styremøter 2015

Styremøter 2014

Styremøter 2013

Styremøter 2012

 

Itslearning logo